Jesper Törnqvist ny dagleg leiar

Jesper Törnqvist blir ny dagleg leiar i Hødd Fotball, samtidig som Per Arve Moldskred går over i ny rolle som driftssjef.

- Styret i Hødd Fotball er godt fornøgd med at Per Arve og Jesper no har signert nye avtaler frå 01.01.24. Vi får behalde Per Arve si unike kompetanse på drift, og breie kunnskap om det aller meste i Hødd. Så får vi på plass ein ambisiøs leiar i Jesper som vil ta dagleg leiar rolla og sport vidare med sin gode kompetanse på desse områda. No er det fullt fokus på å avslutte året på ein god måte og planlegge for vidare utvikling i Hødd i -24, seier styreleiar Bård Dalen.

- Eg er audmjuk og stolt av å ta over som dagleg leiar i Hødd Fotball frå 01.01.2024 og føre vidare den gode jobben som Per Arve og dei andre før han har gjort. Samarbeidet mellom oss i administrasjonen og elles i klubben er ei forutsetning for å lykkast, og vi skal som eit fotballag spele kvarandre gode. Derfor er eg veldig glad for at Per Arve blir med vidare som driftssjef slik vi kan vidareutvikle det samarbeidet vi har hatt dei siste åra. Eg gleda meg veldig til jobben vi saman skal inn i for å vidareutvikle Hødd frå nyttår av. Men først har i ein viktig og spennande haust framfor oss med alt det inneberer for både senior laga, men også barn og ungdom, seier Jesper Törnqvist.

- Etter 5 år som dagleg leiar i klubben, ser eg no fram til å gå over i ei stilling der eg mellom anna får bruke min kompetanse og erfaring til drift og vidareutvikling av anlegget på Høddvoll.
Gode anlegg er ei forutsetning for aktiviteten i Hødd Fotball, og drift og anleggsutvikling vert eit viktig fokusområde i tida framover, seier Per Arve Moldskred.

 

04.10.2023

Annonse: