
Jesper Robertsen klar for Hødd
Jesper kjem på lån frå Tromsø ut Juni månad i første omgang. Toppfotball
- Med totalsituasjonen vi har i bakre rekke med Iver på utlån, og Noah framleis ikkje i full aktivitet så har vi sett etter påfyll. Jesper er ein spelar vi har hatt på blokka lenge og fekk no ei moglegheit til å hente han til Høddvoll ut Juni i første fase. Vi ønskjer Jesper velkomen og takka TIL for ein god prosess, seier dagleg leiar og sportssjef - Jesper Törnqvist.
Hovudtrenar Marius Bøe seier dette om overgangen:
- Veldig glad for å ha Jesper på plass, ein spelar som vi har følgt lenge. Han er ein spelar som passa Hødd profilen vår, og vil gi oss enda større konkurranse i vingback rolla. Velkomen til klubben.
Vi ønskjer Jesper velkomen til Hødd!