Jesper om status A-lag herre

Vi har teke oss ein prat med sportssjef Jesper Tørnqvist om statusen rundt A-laget herrar no i starten av januar. Intervjuet kan du òg sjå på Hødd sine sosiale medier.

Hovudtrenar vart presentert julaftan og assistenttrenar i romjula. Rakk du nokon julefeiring i det heile tatt Jesper?

- Ja, det vart jul i år òg, eller i fjor. Det vart litt jobb, men vi hadde gjort mykje av jobben i forkant av jula, og så handla det om å lande det i jula.

I går var det første trening. Vi såg at Matthew Scarcella, Marcus Mikhail og Isak Skotheim mangla, men vi forstår at alle er på plass i løpet av veka?

- Ja, alle er på trening i dag, så det var berre éin dags forsinking på nokre av spelarane.

Hødd har mange på kontrakt til å vere januar. Kva er statusen på spelarstallen per i dag?

- Det er veldig bra, vil eg seie. Det er mange som har spelt i lag i to–tre år, noko som er positivt om du skal byggje lag og ha relasjonar. Så er det godt å ha nokre ledige plassar. Eg synest vi har ein god balanse med mange på kontrakt, samstundes som vi har nokre opningar til å forsterke oss. Vi ser på nokre spelarar no, og så handlar det fyrst og fremst om å gjere dei vi har no litt betre.

Ola Visted var ein viktig brikke i fjor, òg kåra til årets spelar. Han har reist tilbake til Viking. Korleis skal vi erstatte ein slik type spelar?

- Det handlar litt om det same, at vi må gjere dei vi har litt betre, slik at nokon kan ta plassen til Ola. Men så ser vi òg at vi kan ha behov for å forsterke oss i den posisjonen. Vi ser etter spelarar i angrepsrekka. Så har vi òg nokre spelarar vi har trua på kan ta steg og nærme seg det nivået som Ola viste i fjor.

Keepertrenar og fysisk trenar manglar enno. Kvar er vi i den prosessen?

- Keepertrenar vil vi gå ut med ganske snart, den har vi på plass. Prosessen rundt fysisk trenar, der held vi no på med intervju. Vi hadde håpa å ha det på plass til no, men vi er opptatt av å treffe på dei vi tek inn, så då må ein av og til bruke litt meir tid, avsluttar Tørnqvist.

Annonse fra Obos-ligaen: