Jesper: - Håper på eit fullsett Høddvoll

Vi har tatt oss ein prat med sportssjef Jesper Törnquist.

Korleis har det vore å tre inn i rolla som sportssjef?

- Eg hadde for så vidt ein del av rolla i fjor, men har no fått ansvar for A-laga våre også. Det er veldig spennande og lærerikt med toppfotballen. Herrelaget er der det er mest arbeid, så det er mest krevjande akkurat no.

Kva er dei viktigaste oppgåvene dine i Hødd?

- Eg skal sørge for at vi følger planane våre, både sportsplan og strategiplan, og at vi held oss på vegen til måla. Innanfor dei økonomiske rammene, prøver vi å få til eit best mogleg tilbod for alle.

Kva er det som har gjort at du har blitt verande i Hødd og Ulsteinvik?

- Det enkle svaret er at eg trefte Birgitte, og no har stifta familie her. Men eg treivst veldig godt heilt frå starten av og forlenga kontrakta mi som spelar etter berre eitt år. Det har gjort at vi vart verande her, og det valet er eg veldig fornøgd med.

I ei (framleis) krevjande periode - korleis har klubben jobba for å kome seg gjennom den?

- Vi har vore veldig bevisste på å vere positive og spreie positivitet rundt oss. Vi har sett moglegheiter i staden for å irritere oss over ting vi ikkje kunne ha gjort noko med likevel. Det har vi lukkast med. Vi var faktisk ein av dei klubbane som hadde fleire spelarar i januar enn i desember.

Herrelaget er nærast å kunne starte med seriespel pr. dags dato. Når kan vi forvente seriestart?

- Vi skal forhåpentlegvis få svar på ting denne veka. Først og fremst treningskampar som er det første steget. Deretter vil det truleg gå slag i slag, så dersom vi er heldige kan vi forvente seriestart om ein månads tid.

Kva tenker du om sjansane til årets herrelag?

- Det er vanskelig å vite heilt kvar vi står i og med at vi ikkje har møtt anna motstand enno, men eg har veldig trua på det laget som er her. Det er gode lagspelarar og fine folk, noko vi har vore bevisste på i samansetninga av stallen. Dersom vi skal oppnå måla våre trur vi at det kan vere avgjerande.

Har du ei melding til supporterane til Hødd?

- Først og fremst må vi takke for støtta både gjennom interesse og sponsorar. Vi håper at vi kan stå i det i lag vidare, og forhåpentlegvis kan vi ha publikum på kampar igjen om ikkje altfor lenge. Vi håper på eit fullsett Høddvoll med masse entusiasme og glede. Det hadde vore veldig kjekt!

Fem kjappe

  • Korleis ser dagen din ut?

  • - STÅ OPP FØR KL. 06 - LEVERE I BARNEHAGE - KJAPP TRENINGSØKT - JOBB - HENTE I BARNEHAGE - MIDDAG OG FAMILIETID, OG KANSKJE LITT ARBEID PÅ KVELDEN.

  • Favorittlag utanom Hødd?

  • - JUVENTUS

  • Forbilde i oppveksten?

  • - ALESSANDRO DEL PIERO

  • Hobby, anna enn fotball?

  • - JOGGE, GJERNE MED BARNEVOGN

  • Reisemål når det vert lov å reise igjen?

  • - FINLAND!

Annonse: