Jentedag for 60 jenter på Høddvoll
Det vart ein kveld fylt med fotballglede, læring og gode opplevingar då over 60 jenter i alderen 6–12 år deltok på jentedag på Høddvoll. A-lag damer Breiddefotball
Kvelden starta med eit inspirerande foredrag frå tidlegare Hødd-spelar og landslagsspelar Erika Skarbø. Ho delte historia om reisa si frå Hødd til det norske landslaget, og gav jentene eit spennande innblikk i kva som skal til for å nå draumane sine.
Deretter venta ei heilt spesiell oppleving då deltakarane fekk marsjere inn på Høddvoll til musikk og speaker – akkurat som på ein ekte kampdag.
På bana gjennomførte Hødd sitt damelag trening etter stasjonsprinsipp-metoden, der jentene fekk prøve ulike øvingar og aktivitetar saman med spelarane. Engasjementet var stort, og fotballgleda lyste gjennom heile kvelden.

Arrangementet vart avslutta med pizza og sosialt samvær på Høddvollhuset, der både store og små kunne oppsummere ein minnerik dag.
Vi ønskjer å rette ein stor takk til alle jentene som deltok og bidrog til å gjere dette til ein fantastisk jentedag på Høddvoll.
Ein ekstra takk går også til Sparebanken Møre og Brimer, som gjennom sitt samarbeid og engasjement er viktige støttespelarar for desse jenteprosjekta.