
J16 vidare i NM kvalifiseringa
Hødd J16 tok seg vidare i kvalifiseringa til NM med å slå Aksla på Høddvoll KGB tysdag kveld. Hødd-jentene vann til slutt 5-1! FOTO: ANJA ELISE STEINNES ERTESVÅG
Hødd J16 tok ein solid siger over Aksla tysdag kveld og er vidare i NM kvalifieringa. Laget møter Clausenengen FK borte førstkomande laurdag med kampstart kl. 16.30.
Målskorarar for Hødd mot Aksla var Thea Elise Ertesvåg x3 og Anna Tødenes x2.
Trenar Preben Sætre seier dette i ein kommentar:
Gjer ein fantastisk innsats
- Eg synest jentene verkeleg bretter opp ermane og gjer ein fantastisk innsats for kvarandre! Dei torer å roe ned og spele ballen i vanskelige situasjonar slik dei kjem seg ut av trøbbel. I tillegg ofrar dei alt for å score! Dei viser at på Høddvoll er det vi som bestemmer!
Handlar om å omstille
- Det er ny kamp allereie no til helga, så det handlar om å omstille og ta å med seg dei positive opplevingane frå kampen mot Aksla. Cup er cup!
Tropp
Nathalie Erina Lape Aasemyr, Lina Øvrelid Solås, Mathea Eikrem Flatin, Louise Goksøyr Ulstein, Frøya Kvalsund Mork, Bertine Køso, Helena Hasund, Johanne Helvig, Thea Svoren, Lina Dorthea Solheim Stave, Bertine Ringstad, Linnea Brevik Nesse, Thea Elise Ertesvåg, Emilia Fagerheim, Anna Tødenes, Camilla Meinseth, Lisa Skotheim, Silje Høstland.
Vi gratulerer J16 med sigeren over Aksla og ønskjer laget lykke til mot Clausenengen FK førstkomande laurdag!