Iver Hagen klar for Hødd

Iver Hagen har signert ei kontrakt med Hødd ut 2025-sesongen!

Iver har 58 kampar for AaFK 2 dei siste to åra og har fått bra erfaring frå spel i 2. divisjon. Han fekk også tre innhopp for AaFK i 2023.

Hovudtrenar Marius Bøe:

- Iver er ein lokal spelar frå Emblem, som eg kjenner godt frå tida mi i AaFK. Han kan bekle fleire posisjonar, hardtarbeidande, lojal og ein me kan stole på. Iver har gode verdiar og er ein referanse på treningskultur. Slike typar vil me ha her i Ulsteinvik. Velkomen til oss.

Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist:

- Iver er ein hardtarbeidande heil ved fyr og spelar som har prestert godt i perioden han ha trena med oss. Lokal spelar frå Emblem via AaFK som no tek ferga over til oss for å fortsette utviklinga i lag med klubben og laget. Velkomen!

Vi ønskjer Iver hjarteleg velkomen til Hødd!

Annonse: