Ivan Poulsen tilsett som ny hovudtrenar for Hødd

Ung og ambisiøs trenar klar for å ta Hødd vidare.

Hødd Fotball har tilsett Ivan Poulsen (39) som ny hovudtrenar for A-laget herrar. Ivan har signert ei kontrakt med Hødd ut 2027-sesongen. Tilsetjinga kjem etter ein grundig prosess der klubben har lagt stor vekt på langsiktig utvikling, hardt arbeid og samhald.

Ivan er ein ung og spennande trenar som har jobba fleire år i den danske klubben OB. Dei siste åra har han vore hovudtrenar for G19-laget i ein konkurransedyktig liga i Danmark, i tillegg til kampar i utlandet mot sterk internasjonal motstand. Ivan har den høgste trenarutdanninga UEFA-Pro lisens.

Etter ein grundig prosess har valet av ny hovudtrenar for Hødd sitt A-lag herrar falle på Ivan Poulsen. Utvikling, hardt arbeid og samhald har vore eit tydeleg mantra i klubben dei siste åra, og dette har òg vore viktige strategiske punkt i prosessen.

Kommentar frå Ivan Poulsen:

– Besøket mitt i førre veke styrkte inntrykket mitt av Hødd som ein klubb med klare verdiar, sterke røter og eit stort utviklingspotensial. Møta med menneska i og rundt klubben gav meg stor tru på prosjektet, og eg ser fram til å bidra til å ta neste steg saman.

– Sportsleg ønskjer eg å byggje vidare på det solide fundamentet og det gode resultatet frå førre sesong. Ambisjonen er å utvikle eit Hødd-lag som er modig og framoverretta både med og utan ball, tydeleg i spelestilen og konkurransedyktig kvar einaste veke.

Styreleiar Stig Brautaset er svært nøgd med tilsetjinga:

– I arbeidet med å finne vår neste hovudtrenar for A-laget herrar har vi lagt stor vekt på strategiplanen og det langsiktige perspektivet for klubben. Ivan er ein trenar med moderne leiarskap, solid fagleg kompetanse og sterke menneskelege kvalitetar. Han har det som skal til for å utvikle dei unge spelarane i stallen vår, seier styreleiar Brautaset i Hødd Fotball.

– I tillegg har Ivan ein tydeleg stil og eit «trøkk» i leiarskapen som vil gi både unge og erfarne spelarar ekstra motivasjon inn i det nye året. Vi er trygge på at Ivan og teamet hans vil vidareføre og vidareutvikle laget, både på spelar-, lag- og klubbnivå. Vi ønskjer han varmt velkomen i blått, avsluttar styreleiaren.

Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist seier dette:

– Ivan har heilt frå dag éin i samtalane hatt eit tydeleg Hødd-preg på både spelestil, tankar rundt utvikling og verdiar. Han er ein trenar med ei uredd tilnærming til spelet, og som ønskjer lag som er prega av samhald og hardt arbeid. Velkomen, Ivan!

Klubben vil kalle inn til pressetreff når Ivan Poulsen er på plass i Ulsteinvik etter nyttår.

Vi ønskjer Ivan hjarteleg velkomen til Hødd.

Annonse fra Obos-ligaen: