Ivan: – No handlar det om å lære og slå tilbake
Hovudtrenar Ivan Poulsen legg ikkje skjul på at prestasjonen var langt under det laget ønskjer å levere, men meiner samstundes at éin svak kamp ikkje skal overskygge den positive utviklinga laget har vist gjennom sesongen. Toppfotball
For første gong denne OBOS-sesongen leverte Hødd ein prestasjon som ikkje heldt det nivået laget forventar av seg sjølv.
– Den taktiske planen fungerte ikkje slik vi hadde sett føre oss, og vi gjorde for mange både kollektive og individuelle feil. Vi må vere ærlege på at dette ikkje var godt nok, seier Ivan Poulsen.
Sjølv om prestasjonen på Nadderud ikkje var slik ein ønska, meiner Hødd-trenaren det er viktig å sjå kampen i ein større samanheng.
– Dette er den første kampen denne sesongen der vi har vore klart under det nivået vi ønskjer å halde. Etter 15 serierundar står vi framleis med 21 poeng. Før sesongen ville mange av oss vore godt nøgde med det utgangspunktet, seier han.
Poulsen peikar på at laget gjennom store delar av sesongen har vist at dei kan konkurrere mot dei fleste laga i OBOS-ligaen.
– Vi er sjølvsagt skuffa over det vi leverte mot Stabæk, men vi skal ikkje gløyme at vi i dei andre kampane har vore konkurransedyktige og vist ei positiv utvikling. Det er det vi skal byggje vidare på.
No er fokuset retta mot å bruke erfaringane frå Nadderud til å bli eit betre lag.
– Slike kampar gjer vondt, men dei kan òg vere verdifulle dersom vi evaluerer dei på ein balansert og konstruktiv måte. Vi skal lære av det som skjedde, ta erfaringane med oss og vere betre rusta til dei mange tøffe kampane som ventar utover hausten. No handlar det om å slå tilbake saman, avsluttar Hødd-trenaren.