
Island Offshore ny hovudsponsor i Hødd Fotball
Hødd Fotball og Island Offshore er einige om ein treårig samarbeidsavtale som strekkjer seg ut 2025-sesongen, og Island Offshore vert dermed ny hovudsponsor i Hødd Fotball.
Marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol seier klubben er svært takksame for at Island Offshore no er tilbake som hovudsponsor i Hødd Fotball.
- Vi har hatt ein god dialog med Island Offshore over tid og vi er svært takksame for at dei no kjem tilbake som hovudsponsor i Hødd Fotball. Ein viktige samarbeidspartnar som vi ser fram til å samarbeide vidare med dei komande åra. Ein stor takk til Island Offshore.
Per Arve Moldskred, dagleg leiar i Hødd Fotball seier det er svært gledeleg at Island Offshore no er tilbake som hovudsponsor i klubben.
- Det som er svært gledeleg er at avtalen med Island Offshore vert utvida, og at dei no er tilbake som hovudsponsor i klubben. Avtalen er eit viktig bidrag til å oppretthalde den gode aktiviteten i Hødd Fotball, og vi ser fram til eit vidare samarbeid.
Tommy Walaunet, administrerande direktør:
- Vi er lokalpatriotar og ynskjer å bidra til å utvikle tilbodet i lokalsamfunnet vårt. Hødd Fotball engasjerer mange og tilbyr ein viktig sosial arena, spesielt for barn og unge. Vi er stolte av å kunne inngå ein ny og betre avtale med klubben og ser fram til ein ny sesong med mange flotte opplevingar.