Island Offshore forlenger samarbeidet med IL Hødd Fotball
Island Offshore har signert ein ny treårsavtale som hovudsponsor i IL Hødd Fotball. Den nye avtalen stadfestar eit langsiktig samarbeid mellom partane, og sikrar at Island Offshore held fram som ein viktig støttespelar for klubben i åra som kjem. Sponsor/ samarbeidspartnar
Island Offshore har vore ein samarbeidspartnar for IL Hødd Fotball i mange år, og har over tid bidrege til å utvikle både topp- og breiddeaktiviteten i klubben. Med den nye avtalen held samarbeidet fram, og partane ser fram til å vidareutvikle partnerskapet.
– Vi ynskjer å støtte eit godt lokalt tilbod til folket i bygda, spesielt barn og unge. Vi er derfor glade for å kunne forlenge avtalen med Hødd Fotball som gjer eit viktig arbeid for mange. Island Offshore ynskjer dei lukke til med ny sesong, seier Managing Director i Island Offshore - Tommy Walaunet.
Island Offshore er ei sentral maritim verksemd på Søre Sunnmøre, og har gjennom fleire år vist eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet og idretten i regionen.
Viktig samarbeid for Hødd Fotball
Dagleg leiar i IL Hødd Fotball, Jesper Törnqvist, er svært glad for at samarbeidet med Island Offshore held fram.
– Island Offshore har vore ein viktig samarbeidspartnar for IL Hødd Fotball over lang tid. At dei no vel å vidareføre samarbeidet som hovudsponsor i tre nye år betyr mykje for oss. Slike langsiktige partnarar gir klubben stabilitet og gode rammer for å utvikle både det sportslege og det samfunnsengasjementet vi står for, seier Törnqvist.
Han peikar også på betydninga av lokalt næringsliv for utviklinga av klubben.
– IL Hødd Fotball er avhengig av sterke og engasjerte samarbeidspartnarar i regionen. Island Offshore deler mange av dei same verdiane som oss, og vi er svært takksame for tilliten dei viser klubben gjennom denne avtalen.
IL Hødd Fotball ser fram til å halde fram det gode samarbeidet med Island Offshore, og til å skape nye opplevingar saman – både på og utanfor bana.