Isak Skotheim klar for AaFK

Hødd-guten tek steget frå OBOS-ligaen til Eliteserien etter ei lang reise gjennom Hødd-systemet.

Annonse:

IL Hødd Fotball og Aalesunds FK er einige om ein overgang for Isak Gabriel Skotheim. Isak har også blitt einig med AaFK om sine personlege vilkår og tek dermed steget frå Hødd og OBOS-ligaen til spel i Eliteserien.

For Hødd er dette ein førebels slutt på eit langt kapittel, men også ei historie klubben er stolt av. Hødd har gjennom åra hatt mange spelarar som har teke steget vidare til høgare nivå, både i Noreg og i utlandet. Dei er alltid velkomne tilbake til Hødd.

Isak har ei heilt spesiell tilknyting til Hødd. Han representerer fjerde generasjon i familien som har spelt fotball for klubben, og har sjølv gått gradene i Hødd frå aldersbestemt fotball til å bli ein sentral spelar på A-laget. Faren André Skotheim hadde sjølv ei lang karriere som spiss i Hødd, med 267 A-kampar og heile 110 mål for klubben. For familien Skotheim har Hødd dermed vore ein del av fotballivet gjennom fleire generasjonar. Isak fekk sine første seniorkampar allereie i 2017. Sidan har han utvikla seg til å bli ein sentral spelar på Hødd sitt A-lag. Han står med 145 kampar og 23 mål på toppnivå for Hødd, og denne sesongen har han levert sin beste målproduksjon på seniornivå.

«Historia til Isak er på mange måtar ei historie om Hødd. Han er fjerde generasjon i familien som har spelt for klubben, og har sjølv gått heile vegen gjennom Hødd-systemet til A-laget. Han har over lang tid gitt svært mykje til klubben. Det gjer oss stolte når ein spelar med ei slik tilknyting får moglegheita til å ta steget opp på det øvste nivået i norsk fotball. Det meiner vi Isak har gjort seg fortent til.» - Stig Brautaset, styreleiar Hødd Fotball

Ei viktig side av Hødd sin modell

Sportsleg skulle Hødd gjerne hatt Isak med vidare. Samtidig er utvikling og sal av spelarar ein viktig del av klubben sin langsiktige sportslege og økonomiske modell.

«Skal Hødd utvikle seg vidare, må vi vere dyktige både til å utvikle spelarar og til å realisere verdiar når tidspunktet er riktig. Inntekter frå spelarsal er ein viktig del av økonomien vår og gir oss grunnlag for å investere vidare i laget og utviklinga av nye spelarar. Vi meiner avtalen vi no har inngått er ei god avtale for Hødd.» - Stig Brautaset

For klubben er det samtidig viktig at unge spelarar ser at Hødd kan vere ein arena for å utvikle seg vidare i fotballkarrieren.

«Vi ønskjer at unge spelarar skal sjå at det er mogleg å gå heile vegen i Hødd. Du kan utvikle deg gjennom systemet vårt, etablere deg på A-laget og – dersom du er god nok og den rette moglegheita kjem – ta steget vidare til eit høgare nivå. Vi skal utvikle og behalde gode spelarar, men vi skal heller ikkje vere ein klubb som unødvendig står i vegen når ein spelar har gjort seg fortent til den neste moglegheita.» - Stig Brautaset

Sportsleg klar for neste steg

Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist meiner Isak har hatt ei svært sterk utvikling i Hødd, og at overgangen er eit resultat av mange år med målretta arbeid frå både spelaren og klubben.

«Isak har vore i Hødd-systemet i mange år og har utvikla seg steg for steg. Denne sesongen har han verkeleg vist kva nivå han har inne, og han har vore ein svært viktig spelar for oss. Vi skulle sjølvsagt gjerne hatt han med vidare, men når Isak sjølv ønskjer å ta dette steget, meiner vi også at han er klar for å teste seg på det øvste nivået i norsk fotball.» - Jesper Törnqvist, dagleg leiar og sportssjef

«For oss er dette også eit godt døme på kva vi ønskjer å få til med spelarutviklinga i Hødd. Vi skal gi unge spelarar ein reell veg frå aldersbestemt fotball til A-laget. Når dei presterer over tid og får moglegheita til å ta eit nytt steg, er det positivt både for spelaren og for Hødd. Isak har lagt ned ein stor innsats for klubben, og vi unner han denne moglegheita.» - Jesper Törnqvist

Forstår at klubbvalet skaper kjensler

At neste steg for Isak blir naboklubben AaFK, vil kunne skape reaksjonar i delar av Hødd-miljøet. Hødd har forståing for at rivaliseringa mellom klubbane gjer overgangen spesiell, men meiner dette ikkje kan vere avgjerande for vurderinga.

«Vi veit sjølvsagt at det for enkelte blir ekstra spesielt at Isak går til AaFK. Rivalisering og kjensler er ein del av fotballen, og det har vi respekt for. Men som klubb må vi ta avgjerder ut frå kva vi meiner er rett for Hødd og for spelaren. I denne prosessen var AaFK den klubben som kom med eit konkret formelt bod som gav grunnlag for ein avtale.» - Stig Brautaset

For Hødd har det også vore viktig at dette er ei moglegheit Isak sjølv ønskjer.

«Isak ønskjer å prøve seg i Eliteserien. Når han ønskjer dette sjølv, og vi samtidig har fått på plass ein avtale som vi meiner er god for Hødd, meiner vi dette er rett tidspunkt. Då skal vi også unne Isak denne moglegheita.» - Stig Brautaset

Takk for innsatsen, Isak

Hødd Fotball takkar Isak for innsatsen gjennom ei lang karriere i blått og kvitt.

«Isak har gitt svært mykje til Hødd, både som spelar og som representant for klubben. Han har ei heilt spesiell historie i Hødd, og det endrar seg ikkje sjølv om han no skal spele for ein annan klubb. Vi er stolte av det han har fått til her, takkar han for innsatsen og ønskjer han lykke til med neste steg i karrieren.» - Stig Brautaset

IL HØDD FOTBALL

Annonse fra Obos-ligaen: