Isak har signert ny kontrakt

Isak Skotheim har signert ny kontrakt med Hødd ut 2027!

Det er med stor glede at Isak Skotheim har signert ny kontrakt med klubben som strekkjer seg ut 2027-sesongen. Den offensive spelaren har vore ein sentral del av laget dei siste sesongane og har vist stor utvikling både som spelar og person.

Skotheim har denne sesongen markert seg med solide prestasjonar på bana og bli ein viktig spelar å få med vidare. Med den nye avtalen sikrar Hødd seg vidare kontinuitet og kvalitet i spelargruppa – og dette viser at klubben både utviklar eigne spelarar og klarer å halde på dei.

Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist seier følgjande om forlenginga:

– Isak er Hødd-ID, og derfor er vi ekstremt glade for å ha signert han vidare i to nye år. Han har teke store steg dei siste to åra og blitt ein viktig del av mannskapet til Marius, både på og utanfor bana. Ein teknikar med finesse som jobbar knallhardt for laget. I tillegg er han ein likandes kar som på mange måtar er ein del av limet i gruppa. Vi ser fram til vidare utvikling i lag.

Hovudtrenar Marius løftar også fram betydninga av signeringa:

– Dette er eit sterkt signal på at det vi driv med i Hødd er både spennande og utviklande. At spelarar med profil og potensial vel å forlenge, er alltid gledeleg. Det gir oss både kontinuitet og kvalitet i troppa. Isak har utvikla seg i takt med laget, og har allereie scora fem mål frå 10’ar-rolla. Han har potensial til enda fleire. Alle i Hødd er ekstremt glade for at han blir med vidare.

Isak sjølv fortel at valet om å signere vidare var enkelt:

– Eg er veldig glad for å signere ny kontrakt. Hødd betyr mykje for meg, og det var viktig for meg å vere med vidare på det vi har på gang her. Eg trivst veldig godt under Marius og teamet hans, og det har aldri vore betre å vere Hødd-spelar enn no. Eg set stor pris på tilliten klubben viser meg, og eg skal gi alt for at vi får ein veldig god sesong vidare.

Vi gratulerer Isak med ny kontrakt!

Annonse fra Obos-ligaen: