Isak Gabriel Skotheim har signert ny kontrakt med Hødd

Isak Gabriel Skotheim har signert ei ny kontrakt med Hødd Fotball som strekkjer seg ut 2023-sesongen!

Isak debuterte for Hødd i 2017-sesongen, og den kreative og gode midtbanespelaren er no klar for nye to år i Hødd-drakta.  

Isak: - Veldig glad for å fortsette i Hødd 

- Eg er veldig glad for å fortsette i Hødd og har veldig trua på Joakim og resten av trenarteamet, både med tanke på klubben sin del, men også for min sin utvikling. Det blir eit bra år på Høddvoll! Vil også takke Jesper for god dialog og samtidig glad for at han viser tillit til meg som ein lokal spelar.  

Hovudtrenar Joakim Dragsten er også godt nøgd med å få med Isak vidare: 

- Vi er veldig godt nøgd med å ha med Isak vidare! Ein god offensiv spelar med ekte Hødd-genar, som har eit sterkt ønske om å ta nye steg som fotballspelar, seier hovudtrenar Joakim Dragsten. 

- Isak hadde sin beste og mest stabile sesong i 2021 og vi er veldig glade for å fortsette utviklinga i lag. Ein spelar med X-faktor som skal gi oss mange «wow»-opplevingar på Høddvoll dei neste åra, seier Sportssjef Jesper Törnqvist. 

Vi gratulerer Isak med ny kontrakt! 

Annonse: