Isak: - Først og fremst ein lagsiger 💙
Isak Skotheim leverte ein strålande kamp då Hødd slo Egersund 3–1 på Høddvoll måndag kveld – framfor 1102 engasjerte tilskodarar. Toppfotball
Med to scoringar og ein offensiv spelestil som skapte trøbbel for gjestene gjennom heile kampen, var Skotheim ein av dei store profilane i ein sterk Hødd-prestasjon. Likevel var bodskapen frå banens beste klar etter kampslutt: – Dette var ein lagsiger.
Tre nye poeng betyr at Hødd er oppe på playoff-plass – og laget viser for alvor at dei ønskjer å kjempe på øvre halvdel av OBOS-ligaen!