Invitasjon – Bli med på Sommarjobbmesse
Invitasjon – Bli med på Sommarjobbmesse i Ulsteinhallen 8. april – vis fram bedrifta di til ungdom på Søre Sunnmøre! Heimebaneprosjektet Sponsor/ samarbeidspartnar
Kjære bedrift / HR-ansvarleg / dagleg leiar
Hødd Fotball har i mange år vore ein aktiv bidragsytar til lokalsamfunnet på Søre Sunnmøre – både på bana og utanfor. No tek vi saman med NAV Søre Sunnmøre og Furene AS initiativ til noko heilt konkret for å knyte ungdom og arbeidsliv tettare saman.
Sommarjobbmesse 2026
Onsdag 8. april kl. 11.30–14.00 i Ulsteinhallen, Ulsteinvik
Målet er enkelt og viktig: La ungdomane på Søre Sunnmøre bli kjende med dykk – dei lokale bedriftene som faktisk har arbeidsplassar, sommarjobbar, lærlingplassar og moglegheiter i nærområdet.
Kven kjem på messa?
Vi inviterer målretta:
- Elevar frå vidaregåande skular på Søre Sunnmøre (VG1, VG2 og VG3)
- 10. klassingar frå ungdomsskulane
- Unge i NAV-systemet som søkjer jobb eller sommarjobb
- Andre aktuelle arbeidssøkjarar i regionen
Vi reknar med 1000 - 1500 ungdomar innom hallen i løpet av dagen – ein unik sjanse til å møte framtidige tilsette, lærlingar og sommarvikarar ansikt til ansikt.
Kva håpar vi på frå dykk?
- Ein enkel stand der de kan presentere bedrifta, snakke med ungdommane og dele ut brosjyrar/ informasjon
- Gjerne litt aktivitet på standen (t.d. quiz, små konkurranser, smaksprøver, simulator, VR-oppleving, klistermerke-trykking eller liknande - ungdom likar aktivitet!)
- Om de har sommarjobbar, lærlingplassar eller trainee-moglegheiter for 2026 - del gierne dette direkte på messa
Pris:
Kr. 6 000,- / Stand
Kr. 8 000,- / Stand + skjermreklame i hallen
Påmelding / spørsmål
Meld interesse eller still spørsmål til: André Aurvåg Gardshol Telefon: 99 54 21 59 E-post: [email protected]
Frist for påmelding: Torsdag 12. mars
Vi set stor pris på om de vil vere med og vise fram alt det spennande som skjer på arbeidsplassane våre her ute på Søre Sunnmøre. Saman kan vi få fleire ungdomar til å sjå moglegheitene rett utanfor døra si – og at fleire av dykk finn dei gode folka de treng i åra som kjem.
Med vennleg helsing Hødd Fotball, NAV Søre Sunnmøre og Furene AS.
PS: Har de spørsmål om praktisk gjennomføring, storleik på stand, parkering eller anna – ta gjerne kontakt, vi hjelper gjerne!
Velkomen til årets sommarjobbmesse!