Intervju med årets spelar: Oskar Løken

I sesongens siste seriekamp vart Oskar Løken kåra til "årets spelar" av Blåsarane. Vi tok oss ein prat med vinnaren.

Hødd sin nummer 11, Oskar Løken, kom til klubben frå Raufoss før denne sesongen. Han har starta samtlige seriekampar for Hødd i år, og angrepsspelaren har scora 14 mål PostNord-ligaen, samt to i NM.

Korleis har det vore å kome til Ulsteinvik og Hødd?

- Det har vore eit friskt pust! Å gå frå eit heilt år i "fryseboksa" til full tillit i Hødd er store kontrastar. Sportsleg har det vore ein stor opptur hittil, i tillegg til at eg stortrivst også i kvardagen. På desse 11 månadene har eg vorte veldig glad i staden og folket her, seier Oskar.

Og med mykje tillit, har Oskar vist fram sine kvalitetar gjennom heile sesongen. Det vart sett pris på av Blåsarane, då han fekk tildelt prisen i seriekampen mot Bærum.

- Det betyr mykje for meg. Då eg kom hit i januar var eg tom for sjølvtillit og hadde aldri noko slikt i tankane. Ein slik pris er ein bekreftelse på at eg har gjort noko rett. Samtidig blei eg ganske overraska, då vi har eit lag fullt av gode spelarar som har prestert minst like bra som meg. Tusen takk til lagkameratar, trenarteamet og Blåsarane som har støtta oss heile sesongen.

Oskar feirar eitt av sine 16 mål så langt før Hødd.
Oskar feirar eitt av sine 16 mål så langt før Hødd.

Men sesongen er ikkje over. Etter 2-1 heime mot Arendal ligg Hødd i førarsetet i kvalifiseringa.

- Mot Arendal speler vi ein god første omgang og bør eigentleg drepe kampen då. Vi har full kontroll fram til pause. Utover kampen vert kvaliteten litt dårligare og vi slepp inn eit unødvendig mål, men totalt sett ein god kamp der vi tek med oss leiinga, seier Løken.

Kamp to går førstkomande laurdag på Norac stadion, før det forhåpentlegvis vert fleire kampar påfølgande veke. Og sjølv om Hødd har leiinga, så skal ikkje laget gjere noko annleis i den komande kampen.

- Vi har overtaket med 2-1-leiing, men eg reknar med at vi angrip kampen slik som alle andre kampar, altså med ein mentalitet om at vi skal vinne. Likevel - unngår vi å tape så er vi vidare, og vi taper svært sjeldent, påpeiker han.

Vi gratulerer Oskar med prisen, og håper forma held fram vidare i kvalifiseringa!

Annonse: