Intervju: Bendik Rise

Vi har intervjua formspelar og botsjef Bendik Rise.

Bendik Rise har etablert seg som ein sentral spelar i Sindre Eid sitt mannskap. I fjorårets sesong fekk han to innhopp, medan han i år har starta samtlege kampar, utanom NM-kampen mot Spjelkavik. I tillegg til å bidra med fleire scoringar og assists, er også Bendik ein sentral spelar med sin gode venstrefot på offensive dødballar.

- Først og fremst hadde eg håpa på meir speletid i fjor, men det lot seg ikkje gjere av diverse grunnar. Heilt frå dagen vi rykte ned har eg sagt at eg skulle spele fast i år, så forventninga til meg sjølv var utan tvil at eg skulle etablere meg på laget kjapt. Men vi har eit godt lag og i fotball skjer ting kjapt, seier Bendik.

Etter å ha starta dei første kampane som høgrekant, har etterkvart Bendik blitt flytta ned i ei indreløpar-rolle på midtbana. Kva posisjon som er hans beste er han usikker på. Derfor føler han seg som ein anvendelig spelar.

- Favorittposisjonen min er 10ar-rolla, men eg trivst veldig godt som indreløpar også.

Ut i frå målpoeng denne sesongen er det tydeleg at Bendik har sine styrkar i det offensive spelet. Han føler uansett at han kan bli betre på alt.

- Mine styrkar er utan tvil det offensive, altså det å skape sjansar og score mål. Eg kan forbetre alle eigenskapane mine mykje, både dei gode og dei mindre gode. Det eg meiner eg må jobbe mest med er 1v1, spesielt defensivt, og også det å bli tøffare i hovudet.

Som nemnt i innleiinga er Bendik også med i botsjef-teamet. Det synest han er litt både óg.

- Det er kjekt å vere litt sjef og ha kontroll på reglane, men forferdelig irriterande med klaging frå spelarane og når folk ikkje betalar. Noko som er positivt er at eg blir ekstra påpasselig med å hugse på tidspunkt og temadagar. I tillegg har eg trumfkortet "diverse-bot" som eg kan dele ut. 

Av spelarar som bidreg mest finn ein Jan Lennart Urke, Eirik Haugan og brødrene Breimyr, i følgje Bendik. Dei eldre spelarane bidreg mindre, der Magnus Myklebust står i spissen. I faktaboksa nedanfor kan du lese nokon av botreglane.

Korleis er forma, og kva tenkjer du om resten av sesongen, Bendik?

- Forma mi er bra. Eg har hatt god stigning heile året, og forhåpentligvis fortsetter det vidare framover. Det er litt det samme for laget sin del. Laget vart satt litt seinare enn planlagt kanskje, men vi har blitt meir og meir samspelte, noko eg håper viser igjen på bana. Eg synest vi er meir enn god nok til å rykkje opp på vårt beste, så kvifor ikkje? Det blir sjølvsagt tøft, men vi skal i alle fall vere med der oppe.

Eit utval av botreglane

  • For sein til trening - 100 kr + 20 kr pr 5 minutt

  • Unødvendig gult kort (sparke vekk ball, prating etc.) - 150 kr

  • Raudt kort - 150 kr. Meir enn 1 kamp karantene - 300 kr

  • Kakebot (ikkje ta med kake til første trening etter bursdag) - 150 kr

  • Ikkje møte opp i hatt på trening når det er fullmåne (samme dag/første dag etter) - 50 kr

  • Ikkje møte opp i rett antrekk på temadag som er siste fredag kvar månad (tema blir hengt opp første trening kvar månad) - 100 kr

  • Diverse-bot - 40 kr



Annonse: