Innstilte på å slå tilbake

Hødd sitt damelag tapte dessverre mot Volda i første Fylkessluttspelkamp, men er no klare for å slå tilbake mot Kristiansund BK laurdag!

KAMPFAKTA
Kamp: Hødd - Kristiansund BK
Bane: Høddvoll
Dato: Laurdag 26. august
Tid: Kl. 14:00
 

Vi har tatt oss ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes før kampen mot Kristiansund BK.

Det vart dessverre tap i første kampen mot Volda i Fylkessluttspelet i ein kamp som innehaldt fleire mål. Korleis var kampen mot Volda?

- I den grad vi kan snakke om katastrofe i fotball, så var dette akkurat det. I alle fall i starten, der vi forsvarte oss i lag for dårleg og gav vekk moglegheiter både i ope spel og på dødball. Volda var effektive, og vi utnytta ikkje våre moglegheiter. Då vart det stygt til pause og for så vidt til slutt. Vi var offensive og fokuserte i pausen, og vi gjekk for å hente inn det tapte. Det lukkast vi ikkje med, men det var eit godt forsøk og med litt marginar kunne det blitt ein kamp for historiebøkene for vår del. Men vi tek med oss det positive vidare, og så må vi først og fremst bli betre på å starte kampane som kjem.

No venta Kristiansund laurdag på Høddvoll. Dei vann sin første kamp 2-1 mot Træff, og har fått ein god start på Fylkessluttspelet. Kva veit du om dette laget?

- Eg har hatt ein prat med tidlegare Hødd-spelar Odd Petter Lyngstad som kjenner laget godt, og fått bra info frå han. Dei spelar K-3-5-2, så vi har ein ide om korleis vi kan skape problem for dei. Samstundes må vi vere årvakne på det som kan vere ein trussel. Og vi har ein plan for det også.

I første kampen mangla ein sentral spelar i Ragnhild Ertesvåg. Er ho tilbake mot Kristiansund BK?

- Ragnhild og familien er i lykkelege omstende som det heiter! Ole skal få seg ein bror eller ei syster, så vi er glade på deira vegne. Ragnhild er likevel på trening og er med på det ho kan vere med på. Men ho blir ikkje å sjå med nummer 7 denne sesongen.

Og til slutt, korleis skal Hødd slå tilbake og ta 3 poeng i kampen mot KBK?

- Som nemnt har vi litt info om KBK og har ein strategi for korleis vi skal skape trøbbel for dei. Det blir viktig å vere på frå start og ta initiativet i kampen. Så handla det om å lese kampbiletet og finne moglegheitene for å spele vårt spel og la spelarane få utfolde seg og kose seg med kampen. Det blir kult å spele mot ein motstandar vi ikkje har spelt mot før, så det blir spennande og nytt. Vi er innstilte på å slå tilbake etter Voldakampen onsdag!

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Kristiansund BK!

Annonse: