Innsats og vilje var tilbake

Hødd sitt damelag kom sterkt tilbake etter tapet mot Volda og vann 4-1 over Kristiansund i 2. kamp i kvalifiseringa. Vi har derfor tatt oss ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes før kampen mot Træff.

KAMPFAKTA
Kamp: Træff - Hødd
Bane: Reknesbanen
Dato: Søndag 10. september
Tid: Kl. 16:00
Saka vart først publisert i Hødd avisa 01.09.2023.

- Det vart ein tett kamp som forventa mot KBK. Vi fekk ikkje hatt ballen med kontroll like mykje som vi håpte på, og det vart litt tut-og-køyr. 4-1 siger var nok litt i overkant med tanke på spel og sjansar, men vi tek imot. Med dei marginane er vi på plussida på tabellen og kolonnen med målforskjell også.

Han var også veldig godt forngøde med responsen frå spelargruppa etter tapet mot Volda.

- Responsen i gruppa var perfekt. Innsats og vilje var tilbake på nivå, og det var tydeleg ein revansjesugen gjeng som hadde bestemt seg. Det er her nivået skal ligge framover, så spelarane må ta med seg læringa både i førebuingane sine og utføringa av kampane som kjem.

Førebuingane inn mot Træff-kampen seier han dette:

- Vi må førebu oss mest med tanke på eige spel, men også litt mot motstandaren. Og det har vi allereie begynt med denne veka. Vi har også sett på og retta litt på det viktigaste - det som skjer framføre måla og oftast avgjer kampar.

- Vi spelte 2-2 mot Træff i ein treningskamp før sesongen, og har spelt mot dei tidlegare sesongar. Dei er ute etter å straffe oss på våre feil, så vi må vere konsentrerte både i periodar av kampen og i ulike områder på bana. Det er sjølvsagt ønskeleg å behalde effektiviteten frå sist og også ta med oss ærgjerrigheita med tanke på å nekte avslutningar og mål imot. Her var vi også gode sist, så vi må ta med den delen av spelet vidare.

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Træff!

Annonse: