IL HØDD FOTBALL SØKJER TOPPSPELARUTVIKLAR

IL Hødd Fotball søker ein Toppspelarutviklar i 100% stilling som inngår i Hødd sitt utviklingsarbeid.

IL Hødd Fotball har sidan midten av 60-talet vore ein stabil toppklubb i Noreg, og er den klubben med flest sesongar på nivå 2 (OBOS-ligaen men har de siste åra spilt i PostNord serien). Spelarutvikling og anleggsutvikling har vore avgjerande faktorar for klubben, både i forhold til topp og breidde satsinga. I 2012 vart klubben Noregsmeister, noko som er den største enkelthendinga i klubbens historie. Klubben er også stolt av og kvart år sende spelarar vidare til klubbar på et høgare nivå. 

Klubben har over 500 aktive fotballspelarar, jenter og gutar frå 6 år og oppover til  senior.

IL HØDD FOTBALL SØKJER TOPPSPELARUTVIKLAR

IL Hødd Fotball vil utvikle fleire A-lagsspelarar frå eigen klubb og frå regionen Søre Sunnmøre. Vi søker ein Toppspelarutviklar i  100% stilling som inngår i Hødd sitt utviklingsarbeid. Trenaren vil ha hovudansvar for eit lag i klubbens toppfotballsatsing + vere ansvarleg for spelarutviklinga i klubben. 

Kvalifikasjonskrav
Vi ønskjer oss ein spelarutviklar som har erfaring med å jobbe med yngre spelarar som vil bli gode.
Om du har tilleggskompetanse innan eitt av følgjande fagområder; fysisk trening, analyse, mental trening, læringspedagogikk, vil det vere ein fordel.
Vi krev minimum UEFA B-lisens og helst utdanning/erfaring innanfor individuell spelarutvikling i toppklubb.
Vi oppfordrar også unge og nyutdanna trenarar/spelarutviklarar til å søkje. 

Vi kan tilby
Ein klubb som er inkluderande med eit stort hjerte.
Eit dynamisk og kompetent arbeidsmiljø.
Fagleg spennande stilling med god moglegheit for fagleg utvikling.
Løn etter avtale.

Arbeidsstad: Høddvoll, Ulsteinvik.

Tilsetjing: Vi ønskjer snarleg tilsetjing, men opnar opp for at «den rette kandidaten» kan tiltre i løpet av året.

Aktuelle søkjarar vil kunne bli kalla inn til intervju og eventuelt prøvetrening før endeleg innstilling. I den samla vurdering av søkjarane vil erfaring, fagleg kompetanse og personlege eigenskapar bli tillagt vekt. 

Arbeidsinstruks vil bli utarbeida etter kvalifikasjonar hos søkande. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
IL Hødd Fotball v/Jesper Tørnqvist, 47 20 00 04, [email protected]

Søknad sender du til [email protected].

Søknadsfrist måndag 19 april.  
 

Annonse: