IL Hødd Fotball og Sparebanken Møre forlenger samarbeidet
IL Hødd Fotball og Sparebanken Møre har signert ein ny generalsponsoravtale ut 2028-sesongen. Sponsor/ samarbeidspartnar
Sparebanken Møre er klubbens største og viktigaste samarbeidspartnar, og den nye avtalen stadfestar eit sterkt og langsiktig partnerskap mellom banken og IL Hødd Fotball.
Sparebanken Møre har vore generalsponsor for IL Hødd Fotball i ei årrekke, og har gjennom sitt engasjement vore ein sentral bidragsytar til utviklinga av klubben – både sportsleg og i arbeidet med å skape aktivitet og inkludering i lokalsamfunnet.
Den nye avtalen legg også til rette for ei vidare satsing på utviklinga av jente- og kvinnefotballen i klubben, eit område IL Hødd Fotball ønskjer å styrke ytterlegare i åra som kjem. Samtidig omfattar samarbeidet støtte til arbeidet i Hødd Samfunn, mellom anna gjennom tiltaka Hødd Gatelag og Hødd United.
- IL Hødd Fotball er ein svært viktig samfunnsaktør i regionen vår, og står for verdiar vi i Sparebanken Møre kjenner oss sterkt att i: engasjement, inkludering, utvikling og stoltheit over lokalsamfunnet. Difor er vi glade for å kunne forlenge generalsponsoravtalen heilt fram til 2028. Gjennom samarbeidet ønskjer vi å bidra til både sportsleg utvikling og til at endå fleire – barn, unge og vaksne – får oppleve meistring, fellesskap og glede gjennom Hødd. Satsinga på jente- og kvinnefotballen og det viktige arbeidet i Hødd Samfunn gjer dette til eit samarbeid vi er stolte av å vere ein del av, seier Ellen Kvalsund, banksjef Hareid og Ulstein i Sparebanken Møre.
Ein heilt avgjerande samarbeidspartnar
Dagleg leiar i IL Hødd Fotball, Jesper Törnqvist, er svært glad for at Sparebanken Møre vel å vidareføre samarbeidet med klubben.
– Sparebanken Møre er den største og viktigaste samarbeidspartnaren vi har i IL Hødd Fotball. Gjennom mange år har banken vore ein sentral støttespelar for klubben, og bidrege til utvikling både på og utanfor bana. At dei no vel å vidareføre generalsponsoravtalen betyr svært mykje for oss, seier Tornqvist.
Han trekkjer også fram at samarbeidet handlar om meir enn berre toppfotball.
– Denne avtalen gir oss viktige rammer for å vidareutvikle klubben på fleire område. Vi ønskjer å styrke satsinga på jente- og kvinnefotballen, samtidig som vi skal halde fram utviklinga av eit sterkt og inkluderande breiddetilbod i klubben. I Hødd heng topp og breidde tett saman – utan den eine har vi ikkje den andre. At Sparebanken Møre ønskjer å vere med og bidra til utviklinga av begge delar er derfor svært viktig for den vidare utviklinga av klubben. I tillegg betyr støtta til arbeidet vårt gjennom Hødd Samfunn mykje – både Gatelaget og Hødd United skaper aktivitet, meistring og fellesskap for mange i lokalsamfunnet vårt. Samla sett er dette eit samarbeid som betyr mykje for heile Hødd-familien, seier Törnqvist.
IL Hødd Fotball ser fram til å halde fram det sterke samarbeidet med Sparebanken Møre i åra som kjem.
