IL Hødd Fotball arrangerer «Ulstein Boligmesse»

Går du med planar om å pusse opp? Eller kanskje realisere draumen om nytt hus eller ny hytte?

Då anbefaler vi at du tek turen til Ulsteinvik 23 - 25. juni. Desse dagane arrangerer nemleg IL Hødd Fotball si eiga bustadmesse i sentrum. Ulstein Arena skal huse over 50 utstillarar, som skal gje inspirasjon og ekspertise på alt som har med bustaden å gjere.

– Ja, dette blir veldig kjekt, fortel marknad- og medieansvarleg i IL Hødd Fotball, André A. Gardshol. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå aktuelle utstillarar, og vonar dette arrangementet vil slå an både hjå publikum og deltakande bedrifter.

Bustaden vår er altoppslukande, og tal frå Prognosesenteret viser at nordmenn brukar oppimot 100 milliardar kroner kvart år på oppussing av hus og hytter. Eit enormt tal som illustrerer at vi er særs opptekne av korleis vi har det rundt oss.

 – Akkurat derfor, meiner vi det er behov for ei slik messe, også her i Ulsteinvik, seier Steinar Hauge, leiar for marknadsutvalet i IL Hødd Fotball. – Anten du skal gjere alt sjølv, eller må ha hjelp, så er det verdt å ta turen til Ulstein Arena desse dagane. Her vil du få rettleiing frå fagfolk både på utbygging, innreiing, trendar, form og farge, seier han entusiastisk.

Gardshol fortel vidare at interessa for årets bustadmesse er stor. – Nærare 50% av standane er allereie tinga, og fleire har vist si interesse. Her er det plass til alle, alt frå butikkar, utbyggjarar, leverandørar, til aktuelle bank- og finanshus. Mange av utstillarane er sponsorar til Hødd, og vi er stolte av å kunne tilby desse bedriftene ein ny arena der dei kan vise seg litt ekstra fram for publikum.

– Og vi satsar sjølvsagt på mykje publikum, skyt Hauge inn, og fortel at arrangementet er gratis for alle besøkande. – Vi håper «Ulstein Boligmesse» kan bli ein solid tradisjon, og legg no eit godt grunnlag for fleire år framover. Utover innhaldsrike standar, blir det i år gamingroom, underhaldning og ulike overraskingar for både born og vaksne.

 – Samtidig med bustadmessa blir det også desse junidagane arrangert Heimebanefest i Ulsteinvik, med eit attraktivt program av store artistar, supplerer André. – Denne totalen vil gi mykje liv og røre i sentrum, og saman skal vi skape tidenes happening på Sunnmøre. Velkomne!

«Ulstein Boligmesse» skal gi draumane dine inspirasjon og hjelp til å realisere dei! For meir informasjon om messa og ledig stand, besøk www.ulsteinboligmesse.no.

Heia Hødd  

Annonse: