Hyggeleg historietime på Høddvollhuset
Før heimekampen mot Åsane sist søndag arrangerte Ulstein Historielag og Hødd Fotball eit møte på Høddvollhuset om Høddhistoria. Historie
Hødd sin eigen hoffhistorikar og hoffotograf Arne Flatin sto for programmet. Det vart ein hyggeleg time med mykje Høddstoff og mykje mimring. Flatin starta med skipinga av Hødd i 1919. Han fortalde om dei vanskelege 1920-åra med dårleg økonomi, men det nyskipa laget hadde pågangsmot.
Hødd tok til å opparbeide fotballbane på Støylane, og det vart regelmessige treningar. For å ha ein plass å spele kampar medan bana på Støylane vart opparbeidd, leigde laget ei mark ute på Oshaugflata på Osnes av Benjamin Osnes. Etterkvart fekk Hødd eit godt fotballag som beit frå seg. Det vart arbeidd godt i Hødd fram mot krigen, men då stoppa det litt opp. Etter krigen utvikla Hødd seg til å bli det beste laget i Møre og Romsdal, mykje takka gode trenarar og opninga av den nye grasbana i 1963.
I 1965 starta den såkalla Gullalderen for Hødd, då laget rykte opp i Eliteserien (1. divisjon). Etter det vart det mange opp- og nedturar for laget. Men Hødd er det laget som har spelt flest kampar på nivå to (noverande Obosligaen) i norsk fotball.
Arne Flatin fekk så fleire av dei tidlegare fotballkjendisane i Hødd fram på podiet. Kjell Garnes, Kjetil Hasund og Jon Gjerde fortalde interessant om fotballeventyret på 60-talet, og landslagspelarane Martin Roald og Reidar Vikebakk fortalde om det vidare eventyret i Hødd Fotball.
Heile møtet vart krydra med aktuelle foto frå Flatin sitt rikhaldige fotoarkiv. Dette arkivet er ei gullgruve for fotballinteresserte. Det kjekke møtet vart avslutta med at Arne Flatin Flatin fekk ein fin blomsterbukett frå Ulstein Historielag, medan veteranane som hadde vore framme på podiet fekk kvar sin Hødd-caps som vart laga i høve 75-års jubileet i 1994.
Ref. John Osnes.