
Hønefoss BK - Hødd 1-0
Hønefoss BK si skoring tidleg i kampen sikra heimelaget 3 poeng.
Hønefoss BK skora tidleg i kampen og var det førande laget i 1. omgang.
Hødd opna 2. omgang bra og hadde fleire store sjansar i starten av omgangen, utan at det resulterte i skoring for dei blåkvite. I staden tok heimelaget Hønefoss BK over banespelet og kunne fort å auka leiinga i kampen. Heimelaget bomma også på straffe etter ei kanonredning av Ole Mondrad Alme i Hødd-målet.
Kampreferatet vart av det korte slaget denne kampen etter problem med oppkoblinga til TV-bilda frå kampen. Vi beklager dette.
Laget
Ole-Monrad Alme, Steffen Moltu, Jesper Nils Johannes Törnqvist, Preben Alexander Sætre (Magnus Myklebust 73 min), Vegard Heltne (Didrik Sereba 45 min), Eirik Haugan, Henrik Malde Breimyr, Eirik Franke Saunes, Andreas Malde Breimyr (Sondre Beite 62 min), Bendik Rise, Amani Dickson Mbedule.