Hødd sitt damelag i toppoppgjer mot Volda!

Hødd sitt damelag spelar i kveld toppkamp i 3div kvinner mot Volda. Kampen går på kunstgras bana i Volda kl 18.30.

I dag spelar Hødd sitt damelag borte mot Volda. Dette er eit toppoppgjer i 3div damer, då begge lag i øyeblikket har 20p. Hødd har også ein mindre kamp spelt.

Hødd kjem frå ein sterk bortesiger mot Sykkylven som ligg på tredje plass i 3div kvinner. Dette var dog 2mnd sidan, og det er no endelig seriestart igjen etter ferien.

Hødd har no også fått Ranghild Ertesvåg tilbake i laget, etter ho har studert nokre år i Bergen, ho gjer comeback i dag. Vi tok en prat med Henrik Breimyr, og han sa at dette blir ein 6poengs kamp mellom to lag med ambisjonar om å rykke opp. Det blir heilt sikkert ein tett og jamn kamp slik som kampen på Høddvoll, men om laget presterar opp mot sitt beste so håpar dei å kunne ta ein ny siger mot Volda!

Vi håper mange frå Ulsteinvik tek turen og heiar på damelaget vårt!:-)

Vi ynskjer lykke til! Heia Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: