Hødd United i gang med trening igjen

Kvar onsdag frå 17.00 - 18.00 kan du sjå denne flotte gjengen i aksjon i Ulsmohallen.

Hødd United vart etablert hausten 2009 og består av spelarar frå heile Ytre Søre. Til hausten feira denne flotte gjengen 15 årsjubileum – tenk det!

Ei fantastisk spelargruppe, med ein ekte, og smittsam idrettsglede!

Laget består av spelarar frå alle kommunane i regionen som vil, og likar å spele fotball! Eller som enda ikkje veit kor kjekt det å spele fotball.

Hødd United ynskjer fleire spelarar, og inviterer derfor alle frå ca. 16 år til å kome og prøve. Det er ingen øvre grense i alder, og både jenter og gutar kan vere med.

Trenar og støtteapparat treng også fleire som hjelper til, og vil du vere ilag med denne kjekke gjengen, så ta kontakt!

Hødd United har trening kvar onsdag kl. 17.00 - 18.00 i Ulsmohallen på Høddvoll.

Vel møtt!

Annonse: