HØDD TINE FOTBALLSKULE

Hødd har den store gleda av å invitere til Tine fotballskule første veka etter skuleslutt. Dette er måndag 21. juni til fredag 25. juni. FOTO: tine.no.

Hødd vil i år arrangere Tine fotballskule for aldersgruppa 6-12 år. Vi vil ha aktivitet for desse måndag til fredag frå kl. 1000 – 1500.

Hovudaktiviteten vil vere fotball, men vi vil også leggje opp til andre aktivitetar for å skape variasjon.

Påmelding:

Frist: Onsdag 16. juni
Epost: [email protected]
Telefon: 47 200 004
Pris: 1200,- inkl. lunsj og frukt for heile veka. 
Søskenmoderasjon: 50% i søskenmoderasjon

Påmelding og betaling direkte via Spond: https://club.spond.com/landing/courses/h%C3%B8ddfotball

 

Annonse: