Hødd tek over supporterbutikken til Blåsarane

Blåsarane og Hødd har blitt einige om at Hødd tek over supporterbutikken frå 01.01.2025.

Annonse:

Vi vil først takke Blåsarane for den jobben som har blitt gjort heilt frå oppstarten av supporterklubben og fram til i dag. Eit positivt engasjement, og vår 12 mann i medgang og motgang. 

Blåsrarane har i mange år selt supporterutstyr og vore ein viktig samarbeidspartnar for å farge Høddvoll blå, og for å skape eit positivt engasjement i lokalsamfunnet.

Etter ein god dialog mellom Blåsarane og Hødd, har partane blitt einige om at det beste er at Hødd tek over supporterbutikken - slik at Blåsarane kan fokusere meir på kampdagsopplevinga og bidra til god stemning frå tribuna.

Klubben er godt i gang med å planlegge vidare drift av butikken, og det vil kome meir informasjon så fort vi har dette på plass.

Det første som skjer er at vi vil køyre lagersal i Hødd-teltet i forkant av kampen mot Sogndal søndag. Her blir det sal av supportereffekter og Puma-utstyr til ekstremt lave prisar - og det blir derfor først til mølla til lageret er tomt. 

Til informasjon vil det berre vere mogleg å betale med Vipps.

Ta turen innom for ein hyggeleg handel!

Annonse fra Obos-ligaen: