
Hødd startar Gatelag – oppstart 2. september
Tysdag 2. september kl. 12.00 markerer ein ny og viktig milepæl for IL Hødd – då startar klubben opp sitt eige Gatelag! Heimebaneprosjektet Gatelag
Gatelaget er eit lågterskeltilbod for menneske som står utanfor arbeidslivet og fellesskapet, og som ønskjer å vere ein del av eit inkluderande og trygt miljø. Tilbodet er rusfritt og ope for alle som har eller har hatt rusutfordringar.
– Fotball for meistring og fellesskap
Gjennom faste treningar, måltid og sosialt samvær skal Gatelaget vere ein arena for fysisk aktivitet, meistring og nye relasjonar. Her er det plass til alle – uansett bakgrunn, erfaring eller fotballnivå.
Oppstartstreninga skjer på Høddvoll tysdag 2. september kl. 12.00.
Det vert ei lett treningsøkt, informasjon om tilbodet og enkel servering etterpå.
Oppmøte: Kl. 11.30
Stad: Høddvoll
Trening: Kl. 12.00–13.00
Servering: Etter treninga
Hovudtrenar: Lars Petter Rønnestad
Gratis og ope for alle
Du treng ikkje ha erfaring frå fotball eller idrett – det viktigaste er at du møter opp. Hødd Fotball stiller med utstyr og fotballsko viss du trenger.
Eit samarbeid for lokalsamfunnet
Gatelaget i Hødd er ein del av den nasjonale satsinga i regi av Fotballstiftelsen, og vert til i samarbeid med lokale aktørar og støttespelarar. Målet er å bruke fotballen som verktøy for å skape nye moglegheiter for menneske som treng det mest.
