Hødd-Spjelkavik

Fredag kl. 18.00 er det klart for årets første treningskamp på Høddvoll.

Annonse:

3. divisjonslaget Spjelkavik er første treningskampmotstandar for nye Hødd.

Det blir første test for Hødd sitt nykomponerte trenarteam, og også for fleire unge spelarar som har gått gradene i klubben og no er klare for A-laget. Saman med eit kobbel av rutinerte spelarar som fortsatt er i Hødd, blir dette ein spennande mix som supportarane no får sjå i aksjon for første gong.

Det er sjølvsagt gratis inngong, og vi håper du tek turen for å sjå starten på det som forhåpentligvis blir ein minneverdig sesong.

Kampstart er altså kl. 18.00, og det blir mulegheit for å få kjøpt seg ein kaffe.

Annonse fra Obos-ligaen: