Hødd-spelarar uttekne til kretslagsturnering!

Fem Hødd-spelarar er uttekne til nasjonal turnering G15 i Drammen 8-9 september.

Mandag ettermiddag kom uttaket til nasjonal turnering i Drammen for gutar født i 2003. I uttaket på totalt 18 spelarar er det fem spelarar frå Hødd! 

Simon Skeide, Andreas Fjørtoft, Daniel Brandal, Olai Bjørdal og Fredrik Gjerde er av kretslagstrenarane tekne ut til å representere NFF Sunnmøre på denne turneringa. 

Tom Malins, som er hovudtrenar for Hødd G16, seier følgande i ein kort kommentar: 

"Eg er veldig glad på gutane sine vegne. Dei jobbar hardt kvar dag og trenar mykje, og det er kjekt at innsatsen deira gir belønning! No får dei oppleve eit nytt og vanskelegare miljø, som gir dei gode erfaringar og referansar som dei tek med seg tilbake til Hødd og brukar vidare i kvardagen sin". 

Vi gratulerer Simon, Andreas, Fredrik, Daniel og Olai med uttaket, og ønsker lykke til!

Annonse fra Obos-ligaen: