Hødd-spelarar hosipterer med Stabæk

Emma Køso og Siri Teige er på treningsopphald med Stabæk.

Emma har hatt tre økter, inkl ei økt med U21-gruppa i dag. No skal ho fokusere på Norway Cup med Hødd (J14). Teige skal trene vidare med U21, og saman med Mille, ein del økter i neste veke. 

U21-gruppa til Stabæk består hovudsakleg av spelarar fødde i 2007-2009, og spelar i både J19-serien og 2. divisjon.

Hovudtrenar for damelaget, Ronny Osnes seier dette om treningsopphaldet i Stabæk.

- Det er viktig at vi har spelarar som får denne erfaringa og kan ta med referansar heim. Stabæk er eit lag som vidareutviklar spelarar til topplaga i Norge, men også ein del spelarar til utlandet. Då er det nyttig for Hødd og kunne ha eit samarbeid med Stabæk, som kan motivere våre spelarar til vidare satsing på fotball.

Annonse fra Obos-ligaen: