Siger til Hødd-damene

Vann 5-2 mot Ravn og auka leiinga i divisjonen

Hødd sitt damelag gjesta Ravn søndag ettermiddag og vann til slutt komfortabelt 5-2. Stillinga til pause var 0-0. Sjøl om Hødd hadde sine muligheiter også før kvilen mangla det litt på presisjonen i avsluttingane dei første 45 minutta. Etter pause vart presisjonen betre i dei avgjerande situasjonane og då kom også skoringane. Anna Nerland Aahjem sette inn 1-0 i det 48.minutt då ho kom åleine med keeper. 2-0 kom i det 58.minutt etter ein corner der Anna Nygård Thunem var sist på ballen. Ravn reduserte til 2-1 like etterpå, men to nye skoringar frå Anna Nerland Aahjem punkterte kampen. Anna Tødenes fastsette sluttresultatet til 5-2 i det 89. minutt.  

Med gårsdagens siger og tre nye poeng auka Hødd leiinga til Volda som ligg på andre plassen seks poeng bak. Hødd skal ut i ny kamp allereie komande onsdag mot HaNo, heime på Høddvoll. Avspark kl. 18.30. 

På Hødd sitt lag var det også ein debutant i denne kampen. Keeper Marianne Rekdal Heggstad (18) signerte sist veke og blir Hødd-spelar ut sesongen. Marianne kjem frå Blindheim og kom godt i frå debuten i Hødd-drakta. Vi ønskjer Marianne velkomen til Hødd!

Hødd:

M.R.Heggstad, M.Gustavsen, A.Nevstad, J.Helvig, E.N.Aahjem, L.D.Stave, R.Ertesvåg, T.Holstad, A.N.Aahjem, C.Overvåg, A.Thunem. 

Innbytte: R.Sande, A.Tødenes, T.Ertesvåg

Annonse fra Obos-ligaen: