Hødd-pub i Oslo

Gamle Bjørungs vert samlingsstad for Hødd-supportarar i hovudstaden.

Annonse:

Puben, som ligg i Parkveien 25 like bak Slottet, vert ein fast møteplass for Hødd-supportarar i Oslo.

- Her vert det ein stad der vi kan sjå alle Hødd-kampar i fellesskap på TV, og Gamle Bjørungs kjem òg til å verte nytta som samlingsstad for Hødd-fansen før bortekampane mot Lyn og Stabæk denne sesongen.

Det seier Hødd-supporter Davina Rishaug, som har vore sentral i arbeidet med å finne den rette puben for Hødd-supportarane.

– I Blåsarane har vi snakka ei stund om å finne vår eigen pub i Oslo. Etter litt leiting var det Gamle Bjørungs som peika seg ut som det rette valet. Den greske barsjefen var svært positiv, og puben kjem òg til å få eit tydeleg Hødd-preg utover våren.

Davina er opphavleg frå Søvika i Haram og byrja å følgje Hødd i 1994. Sidan den gong har ho vore trufast mot klubben, sjølv etter at ho flytta til Oslo for 26 år sidan.

– Ja, eg var ein medgangssupportar som byrja å følgje Hødd i opprykksåret 1994, og sidan i Eliteserien i 1995. Sjølv om Hødd seinare både har vunne cupen og spelt i Europa, kan eg vel ikkje lenger kalle meg ein medgangssupportar, ler Rishaug.

Ho vert kontaktperson for Hødd-supportarane på Gamle Bjørungs.

Første kampen som vert vist, er Sandnes Ulf-kampen tysdag.

– Då kjem eg til å vere der, og vi veit at fleire òg kjem. Eg kjenner ikkje så mange frå Ulsteinvik og Søre Sunnmøre, så ta gjerne kontakt når du stikk innom.

Annonse fra Obos-ligaen: