Hødd møter KIL/Hemne i 1. runde i NM
Hødd er satt opp med heimekamp mot KIL/Hemne i 1. runde i NM for kvinner i 2026. A-lag damer NFF
52 lag er klare for NM Kvinner i 2026, som har oppstart 22. april. Laga frå Toppserien kjem først inn i 2. runde.
Hødd kjem inn i 1. runde, og skal møte 2. divisjonslaget KIL/Hemne heime på Høddvoll, 22. april kl. 18.00.
Hødd og KIL/Hemne møtte kvarandre sist i 2. divisjon i 2019. Etter dette har KIL/Hemne spelt fast i 1. divisjon og 2. divisjon.
No venta det nytt oppgjer mellom laga, og det blir spennande å sjå styrkeforholdet denne gongen.
Hovudtrenar Ronny Osnes ser fram til oppgjeret mot KIL/Hemne
- Det er først og fremst kult å få spele NM. Sist laget spelte i NM var i 2023, og då mot Molde FK. Så er det gøy at NFF er kreative i oppsettet og vi får spele mot ein motstandar som ikkje er frå «nabolaget». KIL/Hemne er ein klubb som har vore på nest øvste nivå i årevis, så det blir ein tøff motstandar å bryne seg på. Det er moderklubben til Pål André Helland, men damene er mykje studentar og trenar dei fleste øktene i Trondheim, og heimekampar på Kyrksæterøra. Så ser du troppa er det mange med erfaring frå Toppserie-klubbar og Rosenborg spesielt. Dette blir ein kamp å sjå fram til.
Meir informasjon om kampen og korleis ein sikrar seg billett, vil kome på eit seinare tidspunkt.