Hødd møter Førde

Laurdag kl. 14.00 held Hødd fram førebuingane til OBOS-ligaen når Førde kjem på besøk til Høddvoll.

Annonse:

Førde kom i fjor på 2. plass i Norsk Tipping-ligaen, bak cupaskeladden Bjarg.

Hødd og Førde møttest så seint som i august 2025, då i 1. runde i NM-cupen på Førde stadion. Hødd vann 2–0 etter scoringar av Marcus Mikhail og Magnus Holte.

Dette blir treningskamp nummer sju i oppkøyringa for Hødd. Fasiten så langt er siger mot Træff, uavgjort mot Kristiansund, samt tap mot Torremolinos, Aafk, Brattvåg og Sogndal.

Skadesituasjonen i Hødd byrjar å lysne. Ivan Poulsen og teamet hans kan ønskje Jesper Robertsen og Sondre Fosnæss Hanssen velkomne tilbake frå skade. Begge er aktuelle til kampen mot Førde.

Isak Skotheim og Manaf Rawufu nærmar seg også comeback. Dei rekk ikkje kampen laurdag, men er truleg klare mot Åsane helga etter.

Vegard Håheim-Elveseter og Tage Johansen er begge langtidsskadde.

Godta informasjonskapsler for å se video

Annonse fra Obos-ligaen: