Hødd-Moss: - Vi skal ta tre poeng!

Det er klart for ny kamp på Høddvoll når vi tek imot Moss på laurdag.

Etter seks serierunder på tre veker, har Hødd etablert seg i toppen. Med 14 poeng er det berre eitt poeng opp til Kongsvinger. Det er uansett tett, med mange lag jagande like bak. Denne veka har det ikkje vore midtvekekamp, og laga har fått ei lita pustepause.

- Det har vore deilig med ei «normal» veke igjen, med litt meir intensitet og spel på trening, seier Jann Benjaminsen.

Men det blir med den veka i denne omgang, for igjen er det lagt opp til to kampar i veka framover - litt avhengig av korleis det går i NM. Hødd skal uansett vere klar.

- Eg føler vi er godt rusta til det som kjem. Vi har ein brei stall som vi får bruk for no. Uansett må vi tenke på den komande kampen først, og då skal vi ha tre poeng, meiner Jann.

Billettinformasjon finn du her

Moss ligg på ein 9. plass på tabellen, men dei har ikkje tapt på fire kampar. Mannen som sist score sitt første mål i Hødd-drakta meiner likevel at kampen kan bli lik som dei siste heimekampane.

- Fleire lag kjem hit for å ødelegge vårt spel, men vi skal bygge vidare på den gode kampen sist helg. Gjer vi det, så skal vi ta alle poenga, avsluttar han.

Kampen mot Moss går laurdag 16.00 på Høddvoll. Billett kan du kjøpe her

Dersom du ikkje har moglegheit til å møte opp fysisk, kan du som vanleg sjå kampen på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Velkomen til kamp!

Annonse: