Hødd låner ut to spelarar – éin reiser tilbake
To Hødd-spelarar skal få verdifull speletid på utlån ut sesongen, medan Sean Nilsen Modebe vender tilbake til Tromsø etter opphaldet på Høddvoll. Toppfotball
Aksel Bergsvik blir lånt ut frå Hødd til Sandviken i PostNord-ligaen. Keeperen kom til Hødd frå Viking før årets sesong, men har enno ikkje fått speletid i OBOS-ligaen. 19-åringen kjenner klubben godt etter å ha vore på utlån der også i fjor, og skal no spele for Sandviken ut 2026-sesongen.
Også Ola Lerheim Olsen går på utlån resten av sesongen. Midtbanespelaren blir Lysekloster-spelar i haust, der han skal få verdifulle kampar i PostNord-ligaen. 20-åringen kom til Hødd frå Fjøra før sesongen, og står så langt med éin kamp i OBOS-ligaen.
Samtidig er låneopphaldet til Sean Nilsen Modebe over. Angriparen returnerer til Tromsø etter vårsesongen på Høddvoll. I løpet av opphaldet fekk han 10 kampar i OBOS-ligaen og noterte seg for eitt mål.
Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette om utlåna:
– I utviklingsløpet til unge spelarar er det av og til nødvendig å få verdifull speletid i ein annan klubb. Med utlån til PostNord-ligaen får både Aksel og Ola moglegheita til å spele jamleg og halde fram utviklinga si. Vi har stor tru på begge, og ser fram til å følgje dei gjennom hausten. Lukke til!
Sean Nilsen Modebe returnerer no til Tromsø etter låneopphaldet på Høddvoll.
– Vi vil også takke Sean for innsatsen i Hødd-drakta og ønskje han lukke til vidare i karrieren.