Veldig nær å slå RBK i junior NM

Cup-exit for Hødd-juniorane etter straffesparkkonkurranse

Det vart ein fantastisk flott og underhaldande kamp då Hødd-juniorane tok i mot Rosenborg BK i NM på Høddvoll torsdag kveld. Etter ein litt forsiktig start på kampen av heimelaget, og ei skoring i mot etter 15 minutt, kom Hødd stadig meir med i kampen utover i 1. omgong. Både Peter Hasund og Gustav Dimmen hadde sine muligheiter, men uttellinga lot vente på seg. Likevel var det mykje positivt å ta med seg inn til pause, spesielt dei siste 20 minutta av 1.omgangen ga grunn til optimisme inn mot andre halvdel.

Etter pause er Hødd gode, laget framstår med stor entusiasme og ein voldsom innsats, noko som gjer at laget festa grepet om kampen, og endeleg kjem utlikninga. Ikkje på den største sjansen, men på eit frispark frå godt å vel 45 meter frå Bam Hide. RBK sin keeper kjem litt langt ut i feltete og skuddet (eller innlegget) til Bam går i ein bue over keeperen og i mål. Dermed 1-1 etter 68 minutt. Etter dette har Hødd muligheiter til å avgjere, men uttellinga manglar. RBK er farlege når dei kjem på overgangar, men ingen av laga får uttelling og dermed ekstraomgongar. (2 x 5 minutt)

På slutten av andre ekstraomgong trur dei fleste at kampen blir avgjort då RBK skorar 2 minutt før full tid. Men Hødd-laget hadde ikkje tenkt å gi seg denne kvelden, dei flytta opp det som er av spelarar og slår inn i feltet, etter litt "klabb og babb" dukka 15 åringen Daniel Brandal opp og set ballen i mål til stor jubel frå alle blåkvite. Dermed straffesparkkonkurranse.  

Rosenborg BK dreg det lengste strået i straffesparkkonkurransen og vinn til slutt 5-4. Hødd sin solide keeper Isak Endal var nær redning på nokre av RBK-straffene og kanskje spesielt den siste fikk han nesten slått ut, men den trilla dessverre såvidt over streken. Johannes Sundgot, Isak Skotheim og Bam Hide skora på sine straffer, mens Petter Haddal Worren vart den uheldige då han brente sitt straffespark. 

Hødd sine juniorar møtte i kveld eit av landets beste juniorlag, og kan vere stolte over prestasjonen og den innsatsen som vart lagt for dagen. Ei herlig innstilling frå samtlege og ein prestasjon som ein kan ta med seg vidare inn mot nye viktige kampar utover hausten.  

G19 NM Telenor Cup

HØDD-ROSENBORG BK 2-2 (4-5 etter straffesparkkonkurranse.)

Mål Hødd: Bam Hide og Daniel Brandal. 

Hødd sitt lag: 

Endal, Nilsen, Thormodsæter, Sundgot, Rasmussen, Worren, Hide, Skotheim, Hatløy, Hasund og Dimmen. 

Innbytte: Brandal for Dimmen, 

Annonse: