Hødd J17 klar for Norway Cup

Det nærmar seg Norway Cup og fleire lag frå Hødd skal delta i verdas største fotballturnering i Oslo i månadsskiftet juli/august.

Hødd sender også ei spesialutgåve av J17 i år. Dette er spelarar som både er med på A-laget og det ordinære J17-laget.

Heile 10 av dei 18 spelarane er til dagleg med i dametroppen i 3.divisjon, så det bør vere eit slagkraftig mannskap Hødd sender for å konkurrere i 11ar-klassa.

Målet er uansett å vinne kvar enkelt kamp seier trenarane, Tommy Myrene og Nils Erik Skeide.

Vi fekk oss ein liten prat med to av spelarane; Ida Osnes og Sandra Gustavsen.

- Det er viktig å få ei bra plassering, så me går for medalje, seier Sandra. Ida er samd med lagveninna.

- Vi var på pallen i fjor, så me satsar på det same i år.

Både Sandra og Ida er samde om at det sosiale er viktig.

- Det vert eit anna samhald i gruppa etter ei slik turnering, seier jentene. Sandra har vore med på Norway Cuip to gonger før, Ida var med første gong i fjor.

Me ønskjer dei lukke til og god tur.

Foto: Arne Flatin

Annonse fra Obos-ligaen: