Hødd inviterer til årets fotballfest

Vi vil gjere det til ein tradisjon å arrangere ein slik fest mot slutten av året. Datoen i år vert fredag 5. desember, kl. 18.30 på Høddvollhuset.

Det er mykje å gle seg over etter ein sesong der A-laget fekk fornya kontrakt, damelaget gjorde ein sterk sesong i Fylkesserien og vi har høg aktivitet i aldersbestemte grupper.

Alle i Hødd-familien er hjarteleg velkomne!  Det kostar ikkje noko å melde seg på, men det er bindande påmelding så lenge vi har avgrensa med plassar i festsalen på Høddvollhuset.

Vi kan by på mat og drikke, litt underhaldning, tilbakeblikk på året som har gått og du har lov til å dele nokre tankar om ditt kjære Hødd om du vil

Det er ingen grunn til å vente. Det er berre å melde seg på via dette FB-arrangementet eller ved å sende ein e-post til [email protected].

Annonse fra Obos-ligaen: