Hødd-HamKam 1-2
Knappen: - Hødd er det beste laget vi har møtt i oppkøyringa.
Det vart ei jamnspelt generalprøve mot HamKam på Høddvoll, der sjansestatistikken viste 8-7 til Hødd, men HamKam tok sigeren og sin 23. kamp på rad utan tap.
Torbjørn Kallevåg sende Hødd før kvarteret var spelt på frispark frå 30 meter, men HamKam utlikna på straffespark like før pause. 1-1 var også stillinga til pause i ein omgang der Hødd var best og sjansestatistikken viste 4-2 i favør dei blåkvite.
Andre omgang var spelemessig også bra av Hødd, men jamnspelt. HamKam scora omgangens einaste mål eit kvarter før slutt. Hødd var nære å utlikne på overtid, men headinga frå Amani Mbedule gikk i stolpen.
Men som sagt, mange positive takter av eit Hødd-lag med mykje nye spelarar og som er tidlig i fasa i forhold til relasjonar, og dette var truleg lagets beste kamp så langt i sesongen.
Henrik Breimyr markerte seg i rolla som spielfûrer i ankerrolla, Torbjørn Kallevåg var veldig livlig i første omgang, og Amani Mbedule viste på dei få minutta han spelte prov på at han kjem til å score mykje mål i år. Ellers ei bra gjennomkøyring av alle. Dette skal bli bra det!
- Hødd er det beste laget vi har møtt i oppkøyringa, sa HamKam-trenar Kevin Knappen etter kampslutt.
Neste kamp for Hødd er seriestart i Haugesund mandag 17. april mot Vard.