
Hødd G14 på Eliteturnering
Hødd G14 Elite har i helga vore i Oslo og delteke på Eliteturnering. Møreakademiet
Laget bestod av spelarar frå 6 ulike klubbar: Hødd (3 spelarar), Bergsøy (5 spelarar), Volda (3 spelarar), Måløy (2 spelarar), Eid (2 spelarar) og Spjelkavik (1 spelar).
- Siger 4-1(1-1) mot Hamkam. Mål av Mahmoh Saidi x2, Ramsey Munguiok og Niklas Solemdal. Veldig god kamp av gutane, der vi er klart best og scorar fleire fine mål.
- Tap 2-4(1-1) mot Sogndal. Mål av Markus Rogne og Muhib Alrahim.
Eit godt Sogndal-lag vann fortent, men i periodar viste Hødd positive takter.
- Tap 3-0(3-0) mot Kristiansund.
Ein kamp der vi startar best, men KBK er effektive og leiar fortent til pause.
I andreomgangen styrar vi kampen, men klarar ikkje å omsetje overtaket i scoringar. - Siger 1-0(1-0) mot Kongsvinger. Mål av Bror Riise.
Ein kanongodt gjennomført kamp av gutane med stor defensiv disiplin og tidvis flott angrepsfotball.
Fortent siger og ei flotte avslutning på turneringa.
Tatt i betraktning av at desse gutane berre har hatt 2-3 treningar saman og aldri spelt kamp i lag før, så var dette ei veldig lærerik og god helg. Viktige og gode erfaringar å ta med seg heim i kvardagen, seier Akademileiar Magne Elde.