Hødd G14 Elite på Hamar
Hødd G14 var førre helg på elite-tiltak i Hamar, der spelarane fekk bryne seg mot fleire sterke lag frå ulike delar av landet. Det blei fire gode og jamne kampar mot Sandnes Ulf, Molde, Haugesund og Kongsvinger. Møreakademiet
Elite-tiltaket gir unge spelarar på Søre-Sunnmøre høve til å møte gode motstandarar, få nye referansar og utvikle seg i eit miljø på tvers av klubbane. For G14-spelarane blei det ei innhaldsrik helg i Hamar – med mykje læring, gode kampar og ei svært fornøgd spelargruppe.
Med på tiltaket var spelarar frå fem klubbar på Søre-Sunnmøre. Frå Hødd deltok Herman Ulstein Mæhlum, Ole Georg Voksøy Steinsvik, Mats Kleven Flø, Kevin Ytre-Hauge og Ludvik Andre Værnes. Bergsøy var representert ved Toni Tepuric, Matheo Østraat, Sophus Gjelseth og Rostyslav Kosteniuk, medan Hareid stilte med Jonathan Bjørlykke, Tobias Fjørtoft Nupen og Magnus Utgård Rolfsrud.
Frå Volda deltok Noah Sjåstad Åsebø, og Ørsta var representert ved Nahom Beyen, Ulrik Takseth Sundalskleiv, Oskar Taftesund og Fredrik Moltudal.
Det sportslege utbytet blei godt. I den første kampen blei det 3–0-siger mot Sandnes Ulf, før Molde stod på motsett side i ein tett kamp som enda 1–1. Deretter blei det 1–0-siger over Haugesund, medan Kongsvinger vann den siste kampen 4–3.
For spelarane blei det òg ei fin oppleving utanfor bana. Med hotellovernatting og mykje tid saman fekk gruppa både sportslege utfordringar og sosialt samvær gjennom helga.
Hødd deltek med lag på Elitetiltak for G12, G13 og G14, med éi turnering både vår og haust.