Hødd G13 på elitetiltak på Hamar
Førre helg deltok Hødd sitt G13-lag på Norsk Toppfotball sitt elitetiltak på Hamar. Turneringa samla dei beste laga i landet, og Hødd-gutane fekk bryne seg på sterk motstand gjennom heile helga. Møreakademiet
- Hødd – Sarpsborg 08: 2–4
- Hødd – HamKam: 4–3
- Hødd – Kristiansund: 1–2
- Hødd – Sogndal: 0–1
- Jonas Solvang – 5 mål
- Nils Gjerde – 1 mål
- Eitt sjølvmål
Hovudtrenaren si vurdering
– Dette er ein fantastisk gjeng å reise på tur med. Dette er den andre eliteturneringa til denne gruppa, og igjen er det eit av høgdepunkta i løpet av året for alle.
Vi viser at vi er konkurransedyktige og har noko der å gjere. Når spelarane møter så god motstand, får vi viktige referansar og svar på kva vi må jobbe vidare med.
Vidare fortel han at fokuset no blir utvikling i kvardagen:
– No går vi inn i ein periode der spelarane skal utvikle seg vidare i eigen klubb, i tillegg til månadlege økter i Hødd. Det kjem ei ny turnering i haust, og både gutane og støtteapparatet er revansjesugne.
Klubbfordeling i Hødd-troppen
- Hødd – 6 spelarar
- Ørsta – 4 spelarar
- Volda – 2 spelarar
- Haugen – 2 spelarar
- Hareid – 1 spelar
- Bergsøy – 1 spelar
- Stryn – 1 spelar
Komande elitetiltak
- G12: Bergen 15.–16. august
- Gruppe: KFUM Oslo og Kongsvinger
- G14: Hamar 12.–13. september
- Gruppe: Molde og Sandnes Ulf