
HØDD FRAMLEIS I GRØN SONE
NFF har orientert klubbane i Eliteserien, Toppserien, Obos-ligaen og PostNord-ligaen om status og poengscore i FOS (finansielt oppfølgingssystem). Hødd er framleis i grøn sone (kategori III), som er den beste kategorien.
Poengscore i FOS er basert på fleire økonomiske faktorar i klubbane. Klubbar i grøn og gul sone får lisens, medan klubbar i raud sone må leggje fram planar for å kome seg ut denne sonen.
Hødd var i grøn sone etter 2016-sesongen og er det igjen etter 2017. Den samla scoren går litt ned grunna underskot i 2017, men klubben er framleis godt innanfor krava til å vere i grøn sone.
Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei er nøgd med at klubben framleis er i grøn sone:
- Klart at det er positivt at vi framleis i er grøn sone. Det viser at vi har god orden på økonomien. Likevel er ikkje dette på nokon måte ei kvilepute for oss i Hødd og vi arbeider hardt kvar dag for å skape meir inntekter, kombinert med at vi arbeider med å halde kostnadane nede, seier Oddmund.
Lenkje til sak på fotball.no her!