HØDD FOTBALL SØKER FRIVILLIGE - MEDIA

Hødd søker etter frivillige som kan tenke seg å hjelpe til med media i klubben.

Mykje skjer løpet av ein sesong og vi som klubb ønsker å vere mest mogleg synleg i media. Det er stor interesse for Hødd i sosiale media, noko vi ser talet på følgjarar på Facebook, Instagram og Twitter. Totalt har vi over 12 000 følgjarar. I tillegg har vi også ein Snapchat konto som vi ønsker å vere meir aktiv på.

A-lag damer/ herrer, Rekrutt dame/ herrer, ungdomsfotballen, breiddefotballen, profilering av sponsorar, frivillige, suppporterar osv. ønsker vi å synleggjere meir både i kvardagen og på kampdag.

Hødd Fotball søker derfor etter 2-3 personar som kan tenke seg å hjelpe til som frivillig og bli ein del av eit medieteam. 

Vi har ikkje moglegheit til å betale ut løn for jobben, men kan garantere at du blir ein del av eit inkluderande og godt miljø på Høddvoll. Ikkje minst gir vi deg ei unik moglegheit til å kunne jobbe på innsida i Hødd.

Har du planar om ei framtid innan media, så kan du få verdifull erfaring og praksis i Hødd, og ikkje minst knyte kontaktar innan mediebransjen. Dette kan også vere verdifullt å ha på CVen ved eit seinare høve. 

Vi treng hjelp til:
•    Sosiale media
•    Skrivesaker på heimesida
•    Foto
•    Videoproduksjon

Dei som skal jobbe med bilete/ video må ha kjennskap til bruk av kamera. Ein føresetnad for å skrive saker på heimesida er å skrive på nynorsk. 

Hødd ønsker å skape mange fine augeblikk framover med foto, video, intervju, og skrivesaker på heimesida og i sosiale media. Vi skal skape gode oppleveringar til alle som følgjer Hødd!

Vi kan tilby: 
•    Vere ein del av eit inkluderande og godt frivillig miljø i Hødd
•    Gratis inngang på kampane
•    Gode moglegheiter for å utvikle seg i mediefaget og få verdifull arbeidstrening. 

Vi oppmodar fleire til å søke. Opplæring vil bli gitt. 
Har du eit ønske om å jobbe med media i Hødd, så ta kontakt med medieansvarleg Andre Aurvåg Gardshol på telefon 99 54 21 59 eller e-post [email protected]. Send gjerne litt info om deg sjølv til oss på e-post.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta og vil bli kalla inn til ein hyggeleg prat der vi ser på moglegheitene for eit godt samarbeid.

Vi høyrer frå deg!

HEIA HØDD

 

Annonse: