
Hødd Fotball og MOT inngår samarbeid
Hødd Fotball blir nasjonal MOT ambassadør, og skal jobbe aktivt med å fremje MOT sine verdiar. MOT Heimebaneprosjektet Like moglegheiter
Hødd Fotball inngår samarbeid med organisasjonen MOT, og blir derfor nasjonal MOT ambassadør. Dette samarbeidet er eit viktig steg i klubben sitt arbeid for å skape eit meir inkluderande samfunn i regionen.
- Hødd Fotball er ein av dei viktigaste samfunnsaktørane for barn og unge i regionen, og skal gjennom «Heimebaneprosjektet» vere ein aktiv MOT ambassadør. Samarbeidet med MOT er eit naturleg steg for oss i Hødd, og målet er at dette skal styrke arbeidet og implementeringa av MOT sine verdiar ut i lokalsamfunnet ytterlegare, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd, André Aurvåg Gardshol.
Ambassadørlagsansvarleg og regionsleiar i MOT – Møre og Romsdal, Peter Orry Larsen er glad for å få med Hødd på laget.
- Som regionleiar er det utroleg stas å få Hødd med på laget! Klubben har hatt ei rolle som lokal ambassadør i fleire år, og blir no løfta opp som Ambassadørlag. Klubben har ein visjon og eit verdigrunnlag som matchar utroleg godt med MOT sitt oppdrag og verdisett. Vi har kome godt i gang allereie, med årsmøte og spelarforedrag for dame- og herrelaget. Eg ser verkeleg fram til fortsettinga, og eg er kry både som ambassadørlagsansvarleg og regionsleiar over at Hødd no er ein ambassadørklubb.

Jesper Törnqvist , dagleg leiar og sportssjef ser fram til å samarbeide med MOT.
- Hødd ønskjer å vere ein MOT-klubb fordi dei vil bidra til å styrke ungdoms robustheit og motstandskraft. Ved å vere ein del av MOT, kan klubben aktivt jobbe for å skape eit trygt og inkluderande miljø, både på og utanfor banen i klubb å lokalmiljø.
- For Hødd betyr det å bli ein ambassadørklubb for MOT at dei tek på seg eit ansvar for å vere positive rollemodellar for ungdom. Dette inneber å fremje gode verdiar som inkludering, samhald og mental helse. Gjennom sitt engasjement kan klubben bidra til å gjere ein positiv forskjell i lokalsamfunnet og inspirere ungdom til å ta gode val i livet.
