Hødd Fotball inviterer til Sponsortreff

Hødd Fotball inviterer til Sponsortreff på Høddvollhuset, laurdag 22. oktober!

Hødd - Tromsdalen

Hødd Fotball inviterer til Sponsortreff på Høddvollhuset, laurdag 22. oktober kl. 12.45!

No går vi inn i ei avgjerande veke der vi får svar på om vi rykker direkte opp til OBOS-ligaen, eller må ut i ein kvalik. Det som er sikkert er at "alt er opp til oss sjølve no". Med siger mot Tromsdalen vil Hødd garantert vere tilbake i norsk toppfotball. Tenk kor kjekt det vil bli!

I den samanheng ønsker vi å invitere alle sponsorane i Hødd Fotball til ei samling på Høddvollhuset i forkant av kampen.

Agenda
▶ Orientering om status i Hødd Fotball - Styreleiar Bård Dalen
▶ Status marked og planar for 2023 - Styremedlem Steinar Hauge
▶ Sportsleg oppdatering - Sportssjef Jesper Törnqvist
▶ Kampstart Hødd - Tromsdalen kl. 14.00
 

Vi serverer smørbrød, kald og varm drikke, og ein kakebit under sponsortreffet.

Påmelding
Påmelding til markedsansvarleg André A. Gardshol på e-post [email protected] innan torsdag 20. oktober kl. 08.00!
 
Bedriftsnamn:
Antal:
 
Maks 2 personar pr. bedrift.
 

Velkomen!

Annonse: